Bjørn West var ei geriljaavdeling på om lag 250 mann som mot slutten av krigen opererte i Masfjordfjella bak fienden sine liner. Etter 8. april 1945 vart heile styrken samla i fjella aust for Matre, og med hovudkvarteret på Stordalen fjellstove.
I 1941 var tyskarane komne til Matre med russiske krigsfangar for å grave sand. Dei oppretta ein fangeleir med 200 krigsfangar og 30 fangevaktarar.
Dermed kom grensa mellom Bjørn West-området og fienden til å gå nettopp på Matre. Ja, Bjørn West-karane som heldt til på Litlematrestølen var stundom så nærme at dei såg ned på huset der den tyske kommandanten på Matre, Karl Wagner, budde. I dette huset var det også vaktkontor, og det var forbi denne vakta folk frå Stordalen og Fosse måtte innom for å vise pass når dei skulle til handelsmannen eller på postkontoret på Matre.
Dette heilt spesielle huset er det nå som vert det framtidige Bjørn West-museet i Masfjorden. etter tilråding frå eit samrøystes interimstyre, med representantar frå seks kommunar, Lindås sogelag og Masfjorden sogelag.
Huset er bygd i 1912, og er av fleire grunnar verneverdig. Hordaland fylkeskommune har teke arbeidet med ominnreiding av huset til museum med som eit tiltak under «Prosjekt Vestkyst». Dette arbeidet tok til i november 1991 for midlar som er stilte til rådvelde av Miljøverndepartementet. Arbeidet vert leia av ein arkitekt som arbeider for «Prosjekt Vestkyst», og som grunnlag for planløysinga nyttar han delvis eit forslag utarbeidd ved Forsvarsmuseet.
Forsvarsmuseet har og lova å gi fagleg hjelp og støtte til oppbygginga av Bjørn West-museet, og har teke det med på sin arbeidsplan for hausten 1992 og 1993.
E-verksmuséet.
I 1985 bygde BKK eit heilt nytt kraftverk ved Hommelfossen. Den gamle stasjonen med røyrgate vart då nedlagt og freda. Kring den freda kraftstasjonen og ein nyrestaurert mindre gardsstasjon — på 8 kW — for Fossegardane oppe ved Brydals-fossen, bygt i 1947 og i drift til 1957, vil ein nå prøve å få til eit kreftverkmuseum. Ein lærar i Masfjorden har i år i oppdrag å lage eit undervisningsopplegg for dette.
Jonas Riisnes