Her var slikt eit vakkert og fredfullt land
herinne i Matredal.
Men så vart det klårt at her
var det sand –
og då var det mange som
sprang alt dei Og arbeid vart sett i gang
med graving og lasting dagen lang
( og litt av natta med !)
Så mange hus er bygd av
sand
så vel dei kan
her i frå inste Masfjordland.
Og oljegrus vart laga og sendt av stad
til vegar og gater i Hordaland.
Ja, den sanden den vart snøgt ført bort –
om kort tid så
er allting gjort.
Her er ikkje meir å
øyda nå,
men stopp ein halv —
EIN VEG skal gå
gjennom Matredal!
«Den legg vi gjennom siste rest av jord,
den vegen den lyt vera rett
og jord og hus lyt vekk!»
Sjå, slik kan vise menn
det laga
når sjølve dei slepp bli
plaga.
Dei lova at ein sving skal leggjast MELLOMBELS
Det finn eg ikkje rett!
Eg meiner den skal vera støtt!
Her er blitt ofra nok til samfunn og til stat.
Eg bed : «La meg og mine bu i fred!»
Malena Matre,
21. februar 1981.