Dagane før jul var så lange då me var små.
Dagane før jul var så korte då åra voks på.
No er me gamle, og roa er med oss dagleg.
Me hastar ikkje, me gjer det me synest lagleg.
Og likevel – ei indre forventning er her.
Det er så rart med jula — ei spenning er der