Når det leid fram mot jonsok, gjekk me og gledde oss til å flytte til fjells. Først var det å ta seg eit tur opp for å vaske setret og legge alle «bidne» i vatn. Det meste av mjølkekjerald stod på stølen om vinteren og, så dei var turre og gisne. Men etter nokre dagar i elva, var dei tette og brukande att
Den dagen me flytte opp – eller dagen før – vart dei skrubba og sandskurde og lagde til turk nokre timar. Så var det å fylle koparkjelen halvfull med vatn, setje han i grua og fyre godt oppunder. Imedan henta me grøn sprakje og hadde oppi. Når dette kokte, vart både sprakjen og «logen» tømde oppi buttar og stemper, dei vart dekka til og stod slik til neste dag. Då lukta det herleg frisk einelog or alle kjerald, og reint og friskt måtte alt vere, for elles vart ikkje surmjølka god.
Tyngste børa å bere til fjells var nok separatoren. Men han måtte vere med om det skulle bli skikkeleg rjome til smør. Oftast kinna me ein gong for vika, og av skummamjølka laga me gammalost når det vart ein full kjel – eller meir – med surmjølk.
Noko av skummamjølka bar me heim. Ja, me fekk nok ikkje vere på setra heile dagane. Hjå oss var det skikken å gå heim fleire dagar i vika og hjelpe til med førefallande arbeid, det var klesvask eller å hjelpe med høyet i onna, og om laurdagane var det golvvask.
I firetida om ettermiddagen måtte me tenkje på å kome oss oppatt. Mang ein sveittedrope har det runne i hardaste solsteiken opp Jeiskebrekkå. Etter ein times gonge, alltid med eitkvart å bere, mat til seg sjølve eller «salt og bein» til kyrne, var det godt å få slenge børa av i setret.
Men lang tid til å kvile hadde vi ikkje, no skulle me gå til kyrne, dei venta med fulle jur. Dersom dei ikkje var altfor langt vekke, vart det tid til ei prate- og kosestund etter kveldsmaten. Helst måtte me kome oss i seng tidleg, for neste morgon ringde vekkjarklokka halv seks – om me hadde noko klokke, då. Elles såg me etter kvarandre, at alle kom seg opp. Det var ei skam å sovne til att og verte «sein» heile dagen.