Ja, av bjørka vart også både nevra og borken teke vare på. «Ålosta» var å flekkja borken av i den tida då sevja slik at han sleppte. Men først vart nevra flekt av. Ho var nyttig til underlag på torvtak, som endå var på dei fleste uthus og på setret. Borken vart turka, knust og hatt i sekker, og seld til folk som hadde fiskenot som måtte barkast. Det var enten folk ute frå havkanten eller nede frå fjorden.
Lauvskogen som vart felt, vart til ved. Etter at geitostkokinga tok til, gjekk det mykje ved også sommarsdag. Vinterveden måtte ein og tenkje på, og transporten av mykje slikt trevyrke, var å løype det. Vedlada vart lagt så nær elva som mogleg, og når det vart ei eller fleire «bekkefylle» utover ettersommar eller haust, vart veden hivd på elva. Karane måtte gå langsmed elva og løyse det som sette seg fast eller vart liggjande i ei bakevje. Veden kom då til slutt ned i Marihølen der lensa låg så han ikkje skulle fare på Storelva. Det hende vel at fleire vedskier eller stokkar fór likevel. Då var det å ro rundt i alle vikar på vatnet og samle op. Om hausten stod det alltid mange vedlad på Maribakken, kvar gard hadde «løypt» veden sin, som sidan vart køyrd heim til gards.
Det er vanskeleg å seia kva tid haustonna tok til. For sætrejenta var hausten komen når ho som «sistemann» forlet setret og «sette lås for seterdør» som det heiter i visa. Nei, låst vart seterdøra ikkje, kroken vart berre festa ekstra godt. Elles var det ope for kven som la vegen forbi, folk som «gjekk om fjellet» eller slike som leitte etter sauer. Nokre gamalostar vart gjerne attliggjande ei vike eller to, og så var det mysebrimet som måtte omrørast av og til.
Men det vart så audt og stille rundt setra når folket var flutt. Vel tenkte me ikkje på huldrefolket slik som dei gjorde i gamle dagar, men ein gjekk stille inn, og like stille derifrå.
Kyrne gjekk no i heimemarka, men det var slett ikkje kort veg når me skulle mjølke. Var veret bra, trekte dei opp i høgda, og var det regn og ruskever var det vanskeleg å finne dei. Det var fullt av holer og småskog, så dersom dei låg roleg, kunne ein gå rett forbi utan å finne dei. Gjekk dei og åt, var det bjølla som hjelpte oss til å finne dei. Mjølka minka, særleg dersom det var ei eller fleire haustbærer, dei vart då avgjelda, som ein sa. Men nokre mjølka endå, så kyregonga var viss, morgon og kveld. Først når det leid ut i september slepte me dei på bøen og batt inn att om natta. Då var verkeleg hausten komen.