Skip to content

Den gamle garden

    Når det leid ut i november kunne det vere kalde netter og frost. Eitt minne sit fast frå ein slik haust : Sauene var inne i Jeiskebrekkå og eg skulle hente dei. Dei ville ikkje heim, og fór borti nokre fjellskorter. Eg fór etter og prøvde å kome bortom dei. Men dei sette av garde over eit sleberg for å kome til neste grasflekk. Så høyrer eg voldsomt skrammel av sauebjølla og ser at bjøllesauen fer kant i kant ned­over berget og utfor ein hammar. Han vart liggjande langt nedi ei urd. Ei stund etter fer ein sau til same vegen. Sleberget dei sprang over hadde vore islagt. Eg vart fyrst ståande heilt lamslegen, så sette eg på sprang heimover utan å bry meg om dei andre sauene. Eg sprang og gret, sprang og gret, men greidde vel å fortelje kva som var hendt. To-tre karar for avgarde med tog og knivar. Dei greidde visst å få «rent blo­det» av, slik at kjøtet vart etande, men sauane var stygt skamsleg­ne. Denne opplevinga skremde meg, og eg slapp visstnok å gå etter sauene ei tid etterpå.

    Stort sett kom både folk og dyr levande frå gonga i fjellet, det hende nok av og til at sauer eller geit «gjekk seg tofast», at dei ikkje kom verken opp eller ned. Då måtte karane av stad med tog for å ta dei opp. Ein mann vart firt ned i toa til sauen eller geita, og så galdt det å få fatt på dyret, feste toget rundt, og den som stod oppe, drog det opp. Så vart toget firt neda tt til han som var i toa.

    Det var nokså nervepirrande å stå nedanfor og sjå på, særleg har eg minne frå dei gonger det stod dyr tofast oppover «Døra». Der var det berre hole fjellet nedunder. Det gjekk oftast godt, men det hende at dyret dei skul­le ta opp vart så uroleg at det hoppa utfor.

    Når så geitene måtte setjast inn, vart det slakting på nytt. Det var alltid litt «utskifting». Gamle geiter måtte slaktast, og no var det kaldt og surt å stå med elva og «skole or». Det vart frosne fingrar og tær, med nagle­bit både ein og fleire gonger. Stort sett var det same ritualet som når sauene vart slakta, med unnatak av at geiteføtene ikkje vart nytta til syltelabbar. Det var del ikkje stort på dei, heller !

    Geitekjøt var ikkje særleg god salsvare, så i mange år vart det laga til spekepølser. Kjøtet vart skrapt av beina, male på kjøtkvem og salta. Denne «knoda» måtte så ligge ei tid, så sette ein ei trakt på kjøtkvema og kjøtdeigen vart fylt i tarmar. Sidan vart pølsene røykte og hang til dei var i spike. Dette var oftast kvelds­arbeid utover haustkveldane. Dei avskrapte beina vart óg kokte, krafta vart delvis nytta til mat, og feittet var til såpekoking.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22