Skip to content

Den gamle garden

    Vérmerka vart nøye akta på når dei faste merkedagane kom. «Kyndelsmess tøyr er betre enn ti lass høy». Mang ei kone låg vel søvnlaus om natta når høystålet minka for fort. Milde vintrar kunne hjelpe på, i alle fall for geit og sauer, litt lyng og kvist fann dei alltid attåt. Dette var nok ikkje berre bjerg, dervar sik­kert både næring og vitaminer som heldt dyra friske.

    For menneska var nok óg vinteren lang. Utover i februar såg me godt etter kor langt «heim» sola var komen, først på «klene veien», så på Marireset og til «Nordåkreleet». Når ho skein på Hamrehusa, var det berre nokre dagar til me óg kunne få solstrålene inn i stova. Men då var vi komne ei vike ut i mars. Likevel var det ikkje lenge før ho kleiv oppover fjellet og kom i Middagsskaret. Då var liksom våren der.

    Eigentleg var det merkeleg kor fort snøen tinte og dagane lengna. I april var det mykje som hende både i geitefloren og i sauegardane. Ein måtte sjå vel etter om ein lamsau eller ei geit var ventandes, då måtte dei ikkje sleppast ut om morgonen. Dei hadde det med å legge seg ute, stikke seg bort med avkomet sitt. Då var det å gå på leit etter dei, for der for nok ein og annan rev og luska, og han sa ikkje nei til eit nyfødt kje eller lam. Dessu­tan kunne nettene vere kalde så dei små stakkarane fraus i hel.

    Når ei geit hadde kjea, fekk ho stå inne og ha kjeet med seg eit par dagar. Men den herlegheita varde ikkje lenge, ho måtte ut saman med dei hine. Første dagane etterpå vart ho gåande rundt floren og skrike. Det var ei ynk å høyre på, mora skreik utanfor og kjeet inne. Greidde ein ikkje høyre på læta, så fekk ho kome inn litt så ungen fekk suge.

    Men snart gjekk livet sin vante gong att. Geitene for i marka om morgonen, og kom att til mjølke­tid. Då var det å «mødre kjea», passe på at kvar geit fekk sitt avkom. For den som kjende både geit og kje, var ikkje det så vans­keleg, men for ukjende folk var det heilt uråd.

    Så kom tida då kjea måtte ut og læra seg til at det fanst anna næring enn den som kom ut or spenane. Me lokka dei med oss dit det fanst småskog og berg å klatre i. Å få dei med seg var inga vanske, men å koma seg frå dei att, det var ikkje gjort i ei handevenda. Når dei var i gong med gnaginga måtte ein prøve å lure seg bakom ein stor stein og hal­de seg musestill til dei var kom­ne litt lenger vekk. Oftast var det ikkje så enkelt – ein nysgjerrig­per fann ofte gøymestaden, og med eit triumferande brek var alle på sporet. For oss ungane var dette óg ein morosam leik.

    Når det leid ut i mai, og småkreket hadde fått smak på friskt nytt gras så dei var mette og runde om kveldane, måtte dei gje slepp på mjølkedropen. Det var harde bud, attåt det skulle dei lære å drikke før dei vart sende til fjells. Geitene vart mjølka, og noko av mjølka slege i eit brot, kje etter kje vart teke or garden, eit godt tak rundt hovudet og med tommel og langfinger i kvar munnvik – og snuten ned i mjølka. Fekk dei først smaken av den, då hadde dei snart lært kunsten.

    Så om dagen då me skulle «gå med kjea». Heile huslyden var med, i alle fall på første etappen. Eit menneske gjekk føre og drog etter seg ei stor bjørkebuske. Helst måtte det vera ein person som kjea kjende godt, og når han eller ho ropa «kille-kille», så kom dei villig. Mange hjelpte til å få ferda i gang, og heile skreia sette seg i rørsle.

    For at dei ikkje skulle finne vegen heim att eller kome i lag med geitene, vart dei sende på ein heilt annan kant, ja, me gjekk endåtil over grensa til nabofyl­ket! Og for å gjera dei heilt ættville, lånte me båt og førde dei over Ynnesdalsvatnet og sette dei i land i Skora, der var sikkert ein framifrå god kjehage, med bjørkeskog og fint gras.

    Litt medynk kjende no i alle fall ungane på. Eitt og anna kje fann nok vegen heimatt i løpet av sommaren, men stort sett gjekk dei på beitet sitt til det vart sanking. Alle for nok ikkje vel, så tapsprosenten vart vel helst stor. Men kjekjøt var heller inga sals­vare, og så mange at me hadde nokre «fjorkille» neste vinter og eit par bukkekje vart det no all­tid att.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22