Det var geitosten som var den vara som skulle skaffa litt kontantar i eit naturalhushald. Geitene var oftast flinke til å korne heimatt kvar kveld til mjølketid, særleg i sommartida når juret var fullt. Då var dei ivrige etter å bli mjølka. Verre var det mot hausten når det vart mindre om dropane, då måtte kanskje einkvan ta seg ein tur på Grønefjellet – eller lenger.
Mjølkinga kveld og morgon og soping av floren var arbeid for ungar, men geitene var trivelege dyr, så det var vel ikkje noko tvangsarbeid. Litt hardt kunne det vel vere å stå opp i sekstida på morgonen, ein var vel ikkje heilt vaken alltid når ein tok mjølkebytta og gjekk i geitefloren.
Dersom det var regn og dårleg slåttevér, fekk ungane sova i fred – og så var det fri om sundagen som oftast.
Ostekoking var det kvar dag, hjå oss gjekk det føre seg på eldhuset. Mjølka frå kveldsmålet vart sett til kjøling i oppkoma, og neste morgon vart alt slege i kopparkjelen, varma opp til ca. 35 grader, og osteløpe sett i. Sidan måtte ein røre om, late det sekke ned, varme langsamt opp så kvitosten kunne samlast i ein «ostask».
Mysa vart kokt heile dagen, det måtte helst fosskoke, så det galdt å ha turr, god ved. Utpå ettermiddagen, når innhaldet i kjelen fekk brunfarge og tjukna, måtte det rørast. Det var helst ein heit jobb i varme sommardagar å stå i ein time eller meir over ein dampande ostekjel.
Etterpå var det «å røre han kald», det var tyngst. Osten måtte ha passeleg lunka temperatur for å knoast og formast til. I mange år brukte me berre «fri forming», det vil seia ikkje former av noko slag. Dagens produksjon varet delt i høvelege stykke, kvart emne knodd og forma som ein firkanta klosse, og til slutt «slådd» med ei solid sleiv. Seinare måtte me passe på å snu ostane til dei var kalde og kunne setjast i hylla.
Men arbeidet var ikkje ferdig med det. Ostane måtte pussast, voksast og pakkast inn. Ja, det siste vart ikkje gjort før osten vart send, eller seld direkte,
Avsetnaden kunne vel vere opp og ned. Det som eg hugsar best, er halve og heile ostar som kom i retur frå ei forretning i Bergen. Dei var blitt turre eller mygla hjå kjøpmannen. Men det var produsenten som måtte ta tapet. Så fortenesta vart ikkje alltid slik ein venta. Alt arbeidet me hadde, vart liksom ikkje pårekna i kroner og øre. Det vart ikkje snakka om kva som lønte seg; ein rekna ikkje så mykje i pengar, sjølv om det vel var for pengane me gjorde dette.