Frå 1840-åra og til eit godt stykke inn på 1900-talet var det mange som reiste frå Noreg for å prøve lukka i Amerika. Fram til 1925 hadde om lag 550 personar frå Masfjorden reist «over there». Soleis er det knapt nokon gard – enn seie familie – som ikkje har slekt på andre sida av Altanteren. Og ein kan med full rett hevde at utvandringa til Amerika er ein del av historia for Masfjorden og oss som bur her.