Krambua
Etter at bestefar hadde sett opp fargeribygnaden, innreidde han eit kontor i sørvestre delen av kjellaren under bustadhuset, det som opphaveleg var fargeriet. Ein disk i vinkel delte rommet i to. Innanfor var der hyller og skuffer, og etterkvart fekk rommet eit stort vindauge mot vegen . Her kunne fargeprøver og pakkfargar visast. Tante Aslaug kalla jamt rommet for krambua. Her vart tøy til farging og stamping teke mot, og her vart ferdig tøy lagt i hyllene og seinare levert ut eller sendt med rutebåten. Tøy som kom til fargeriet, vart førd inn i dagboka og fekk eit nummer for attkjenning. Nummeret vart sydd inn med bomullstråd og stoppenål i den eine enden. Tala vart noko forenkla, eg hugsar Z for 2-tal, X for åttetal og for null.
Bestefar hadde fleire ombod. Han var soknekasserar, tilsynsmann i fattigstellet, kyrkjeverge og med i leiinga i banken. I disken var det sjølvsagt ein klaff slik at ein kunne gå frå ei side til den andre. Klaffen låg Jamt open med baksida opp. Her hugsar eg ei djup grop, som kom frå den tid bestefar karva pipetobakken sin her.
Far hadde også liknande ombod som bestefar. I 1937 vart han tilsett som heradskasserar. Dette vart etter kvart hovudyrket. Han tok ut den gamle krambuinnreiinga på 1950-talet. Seinare vart heradskasserarkontoret flytta til heradshuset og krambua innreidd til kjellarstove.