Bestefar går i fargarlære og tek til med eiga verksemd
Bestefar, Rasmus Nilsen Kvamsdal, var fødd i Kvamsdalen i Januar 1868. Til Sandnes kom han ofte i samband med kyrkje og landhandel, må me tru. Frøyset sokn, som Kvamsdalen no tilhøyrer, vart fyrst skipa i 1930. På butikken til far sin, Martinus Sandnes, opphaveleg frå Indre Hope, arbeidde sikkert Sygni, som han seinare gifte seg med. Her på Sandnes kan han ha høyrt om fargaryrket av Sjur Nilsen og Johan Berntsen, og funne ut at dette kunne det vera framtid i.
I alle høve, bestefar byrja i fargarlære i Haus på Osterøy i 1886. Då han kom attende tre år seinare, tok han til med fargeriverksemd i Urdi. Martinus Sandnes åtte etter det me veit husa her. Men det kan ha vore slik at det huset Sjur Nilsen innreidde til fargeri, og Johan Berntsen tok over, også låg her, og kanskje var det her bestefar tok til med verksemda si. Meir truleg er det likevel at bestefar byrja i eit eldhus som tilhøyrde Martinus.Det har óg vore nemnd at kanskje dreiv bestefar i den store sjøbua i Urdi, riven rundt 1950. Eg hugsar at det var eit mura kar der, men det kunne ikkje vera høveleg for føremålet. Etter mi meining må dette ha vore eit kar for barking av til dømes nøter. Eg hugsar eit liknande kar i nothuset på Sandnes, som også låg heilt nede i flomålet.
Bestefar dreiv i Urdi i 9 år.