Når sonen har styret og ansvaret, er det rett og rimeleg at hans sjølvstende og fridom vert heilt ut sannkjende, og ein vil like lite gje foreldra ei ufri stode. Når foreldre og son med sonekone bur i kvar sine hus slepp ein alle ulemper og vanskar med å bu under same tak og i saman, eit tilvære som er fullt av gnisningar; kvar dag kan ein i Frankrike leggja merke til kor vanskeleg det er for generasjonar å bu samen.
Elles ville det vera gale å dra den slutninga av oppdelinga i to bustader og presiseringa av pliktene med matforsyninga som er pålagde kjøparen, at tilhøvet mellom foreldra og den unge huslyden er ofte spent eller jamvel dårleg; nei, desse tilhøva er tvert i mot framifrå, og endå om eg har vitja ei mengd av gardsbruk, har eg ikkje møtt eit einaste døme på strid mellom sonen eller sonekona og foreldra. Det hender i røynda aldri at ikkje kårbrevet ( føderådskontrakta ) vert fylgt til punkt og prikke. Aldri hender det at mjølka frå kyra som fylgje av kåret, ikkje vert skild frå mjølka av dei andre kyrne – i samsvar med teorien. Som den eldre Bergsvik seier til oss; når ein krev fullt ut den mengda av smør og ost som ein har rett til, så er det helst for å ha høve til å selja noko lite av det, og slik å kunna kjøpa noko små leikar til sonekona eller småborna hennar.
Her er altså teori og praksis i god skikk; praksis er inspirert av gjensidig respekt og kjærleik, teorien er på plass som ein ressurs i verste fall, for det usannsynlege tilfellet at det skulle verta usemje, og framfor alt i tilfelle sonen vert vanhelga eller vanfør av sjukdom og nøydd til å selja garden: i dette tenkte tilfellet ville kårbrevet ha fyrste prioritet i eigedomen, i den juridiske tydinga av ordet, og kjøparen (den nye eigaren) ville vera nøydd til å forsyna kårmannen med dei fastsette ytingane som kårbrevet opplyser om.
Ein kallar altså «kårfolk» eller «følgefolk» dei foreldra som garden yter årlege svarelser i naturalia. – I røynda gjekk ikkje alt i familien Bergsvik til på den måten som det er greidt ut om ovanfor: fordi odelssonen til Thorsen Bergsvik hadde astma, og alt såg ut til at faren skulle leva lenger enn sonen, nøgde Thorsen Bergsvik seg med ein reint munnleg avtale, utan noko skriftleg dokument, ettersom han såg at tilhøvet mellom han sjølv og sonen med sonekona var så godt: I tilfelle sonen døydde, hadde ein på den måten sloppe utgiftene med overføring to gonger, for å ikkje snakka om vanskane med arveretten til borna. Slik ville Thorsen vera i stand til å overdra garden beinvegen til sonesonen. Men året før eg kom som gjest til Bergsvik, hadde den gamle Bergsvik fått ein katarr og han trudde at livskvelden nærma seg – samtidig som helsa til sonen berre vart betre og betre heile tida. Difor hadde han skunda seg og fått tinglese dokument på overdraginga av garden. Det er elles alltid einfelt å få gjort, for ein fylgjer den vanlege skikken i landet.