Heile året er det vanleg å stå opp klokka halv seks, med atterhald for mennene som står opp mykje seinare(klokka sju) om vinteren og litt tidlegare enn halv seks om sumaren (i den vakre årstida). Straks ein har stått opp, tek ein det fyrste måltidet, svært kort og einfelt om vinteren, men meir av eit fullt måltid om sumaren, og det er samansett av flatbrød, smør, ost og myse.
Flatbrød, som tyder beint fram flatt brød, er brødet til dei norske bøndene. Det er samansett av havremjøl og steikt til ein særs tunn leiv, nesten gjennomsiktig og er omlag 45 centimeter i diameter. Stundom når Bergsvik fer til Sandnes for å handla, hjå landhandlaren, kjøper han eit brød av gjærbakst, men det hender berre sjeldan. Det var vanleg å baka dette brødet berre to gonger for året: leivane vert lagde i høge lag inne i brødskapet som står kjølig, og der kan flatbrød halda seg uendeleg lenge. I nokre år no har bygdefolket byrja å baka mindre mengder om gongen og laga til flatbrød åtte eller ti gonger om året, men desse endringane er ikkje nok til å brigda smaken, som er og vert verande berre måteleg.
Klokka halv ni tek dei det andre måltidet, det er meir innhaldsrikt og det byd på havregraut med skumma mjølk og flatbrød til. Til middag (dagverd, midt på dagen) et ein sild eller torsk, poteter og mjølkesupe. Etter dette måltidet fylgjer middagskvile, og i halv to eller to-tida byrjar ein arbeidet att. I femtida får ein litt graut med myse. Endeleg klokka ni får ein det siste måltidet som er samansett av fisk, kjøt og poteter. Grauten er ein tjukk velling av mjøl – havre eller bygg – ein et han saman med myse og han er ein viktig del av kost og næring for landsfolket i Noreg; til vanleg fylgjer det med nokre stykke fisk eller sauskjøt eller litt flesk.
Truleg må ein rekna norske bygdefolk mellom dei som brukar mest kjøt. I røynda er det kjent at eit norsk gardsbruk i hovudsaka tek sikte på å åla opp sauer og kyr, og elles er garden driven med forbruk på staden for auga, det er ikkje salet ein tek sikte på, dersom det vert eit overskot på produksjonen ut over det ein brukar i eige hushald, sender ein dette overskotet til marknaden i byen, men nordmennene som av natur er lite økonomiske søkjer ikkje beinvegen å byggja opp ein reserve ( eit forrådslager ).
I prinsippet brukar kvar familie nære på så mange sauer eller kyr som ein etter den årlege tilveksten kan ta ut av buskapen. Dessutan er det norske kjøtet av måteleg kvalitet og måten ein steller det på, med turking og røyking, gjer det endå hardare og seigare. I familien Bergsvik et ein på jamnen 7 til 8 sauer kvart år, og dette talet går ned til 4 når ein har slakta ei kyr, men det hender ikje kvart år; ut over dette slaktar huslyden kvart år 4 kalvar gjennomsnittleg.
Laurdag og kvar høgtidsaftan har ein smør og fisk til kveldsmaten. Sundag er frukosten samansett av kaffi, smør og brød og surmjølk, og middagsmåltidet på sundag er samansett av kjøt, poteter og mjølkesupa, endeleg om sundagskvelden får ein for andre gong kjøt (restar etter middagen), og det vert då drukke nokre liter heimebryggja øl av ein stor trebolle som i Noreg skal fylgja alle familiesamkomer, slik som skikken er.
Korleis enn einskildtinga (detaljane) er, må ein halda fast på det som er gjennomgåande; at familien Bergsvik lagar til maten på ein måte som ikkje vekkjer mathugen og just ikkje skaper storetarar eller finsmakarar. (Merknad frå omsetjaren: I avsnitta som fylgjer skriv den franske forfattaren om husskipnad, kledebunad og kyrkjegonge. Han dreg her inn samanlikningar med skikkane i andre bygder i stor mon; sameleis knyter han til mange ålmenne refleksjonar. På grunn av samanlikningar og jamføringar vert avsnitta lange, og det ville føra for vidt å omsetja dei i denne samanhengen. Til avslutning omset me her kapitlet om husmannen under Bergsvik, Klaus Eirikson.)