Smia på Totland
Det var elva som gjorde at det vart smie på Totland. Martin Hope (frå søre Hope) tok til å byggje seg hus ved elva i 1908. Han hadde då begynt med smedarbeid i ei lita smie på Hope. Dette dreiv han gjerne om dagen, og om kveldane for han med material til huset på Totland. Då dette var ferdig, vart det bustadhus oppe og smie i kjellaren. Så huset vart kalla «smia» – og det heiter det endå. Harald, son til Martin, og kona bur der.
I smia vart det laga knivar, ljåar og sigder. Det var slikt som folk hadde bruk for. Martin selde varene til ein grossist i Bergen, men då denne gjekk konkurs, reiste han óg rundt i bygdene og selde. Seinare fekk han selja til Stavanger og Ålesund.
Om våren vardet mange som skulle ha saueklavar, då var det gjerne mykje arbeid. Og om hausten, når strilane kom innover og henta sauene sine, var det ofte mykje dei ville ha ordna på. Då kjøpte dei óg knivar og ymse andre reidskapar,
Elles var det mange som kom innom i smia for å få seg ein prat. Då vart det ofte diskusjonar om kven som var sterkast, og dei måtte prøva kreftene sine på ambolten.
Martin hadde lange dagar, frå tidleg morgon til seine kvelden, det var slett ikkje åttetimars dag. Den var ikkje oppfunnen då! Han arbeidde i smia til han var over 80 år, trass i lange dagar!!
Reimskivefabrikken
Endå var det ein fabrikk til som nytta Nørlandselva. Bygningen er der endå, heilt nedmed sjøen. Ein mann frå Hålandsdalen var med og sette i gang reimskivefabrikk, sidan overtok Torgeir og Jonas Nordland fabrikken. Torgeir og huslyden hans budde ovanpå i dette bygget.
Dei produserte reimskiver av tre og hadde mykje levering, for det var mange verksemder som hadde bruk for slike. Desse kunne drivast av vasskraft eller elektrisk motor. På denne fabrikken vart det og laga røykerammer og skjeppekassar til hermetikkfabrikken.
Verksemda fekk ein brå slutt i 1944: Då miste både Torgeir og kona hans livet. Dei var med på «Masfjord» då den gjekk ned ved Duesund, vinteren 1944.
Fortald til Ragnhild Jung