Ivar Areklett har med god hjelp av Birger Kvingedal bygd eit eige hus for å ta vare på gamle ting som maskiner, reidskap og verktøy som har vore brukt på garden hans opp gjennom åra.
Det er ei allsidig samling som har fått plass i museumshuset i Arekletten. Ein finn mellom anna fleire typar harvar, plogar, to slåmaskiner, rakemaskin, høy-endar, treskemaskin, hakkemaskin, heimelaga drøftemaskin og heimelaga gjødselspreiar, pluss dreiebenk, høvelbenk og eit rikt utval av reidskapar. Ein del av desse er så gamle at folk i dag ikkje veit kva dei har vore brukte til.
Ivar har fortalt inn på lydband dei viktigaste opplysningane om kvar einskild ting i museet, og ein vil prøve å få heile samlinga formelt registrert.
Ivar Areklett vil at samlinga skal verte verande på garden også i framtida. Difor har han bygd dette gode huset med støypt golv og solid pannestein på taket.
For alle som er interesserte i å lære om gardsdrift i Masfjorden i gamle dagar, er samlinga til Ivar Areklett av stor verdi. Ivar seier at både skuleklassar og andre er velkomne til å få sjå og studere dei mange ulike gjenstandane.
På garden er der også eit gamalt vasshjul som er teke vel vare på i eit eige lite hus. Dette hjulet vart om haustane nytta til å drive treskemaskina med.
Ivar Areklett er også ein dyktig båtbyggjar som har bygt i alt 45 båtar, dei fleste oselvarar. Nede ved naustet har han under eit eige overbygg ein firkeiping som er av kjend, gamal masfjordtype. Denne båten var på sjøen i mai i år, og vart filma av TV-Bergen i samarbeid med Sjøfartsmuseet. Både i Arekletten og i Sogelaget har me kopi av filmen.
Jonas Riisnes