E-verksmuseum og Bjørn West-museum
I 1985 bygde BKK eit heilt nytt kraftverk ved Hommelfossen. Den gamle stasjonen med røyrgate oppetter fjellet vart då nedlagt og freda. Kring den freda kraftstasjonen og ein nyrestaurert mindre gardsstasjon ved Brydalsfossen, bygt i 1947 for Fossegardane, vert det nå arbeidd med å få til eit kraftverksmuseum. I opplegget prøver ein å passe inn besøk både på den nye Hommelfossen kraftstasjon og den store kraftstasjonen på Matre.
Bjørn West-museet på Matre vart mellombels opna 23. august 1992, og vil verte offisielt opna 15.oktober 1994. I 1993 har museet vore ope 3 timar 2 dagar i veka og har hatt besøk av 2900 personar.
Opningsarrangementet vil verte del av 50-årsmarkeringa for frigjering av landet med invitasjon av alle attlevande Bjørn West-veteranar og representantar for offentlege myndigheiter.
Jonas Riisnes