Storindustrien som ikkje kom
I 1905 hadde Birkeland og Eyde klart å framstille salpetergjødsel av kvelstoff i lufta ved hjelp av elektrisitet.
Alt i 1906 kom ein forretningsmann frå Bergen som heitte Blaauw, og kjøpte opp heile Matre- og heile Haugsdalsvassdraget for ein sum av kr 192.150,-.
Etter kort tid selde han vidare til ein ny mann, Fr. Hiort.
Med tanke på å byggje ein stor fabrikk kjøpte Hiort opp det meste av gardsbruka på Matre og betalte dei med kr 78.060,-. Dette var mykje pengar den gongen, så det var kanskje ikkje så løye at bøndene selde jorda og husa sine.
I 1906 selde Hiort vidare alt i hop for kr 600.950,- til A/S Matrefallene og tente kr 330.740,- på handelen. A/S Matrefallene hadde eit tysk industrikonsern, Badische Anilin und Sodafabrikk i ryggen, som hadde planar om å produsere kunstgjødsel etter eigne metodar i konkurranse med Norsk Hydro på Rjukan.
Bøndene på Matre rekna sikkert med at storindustrien ville komme, og førebudde seg på det.
Eigarane på bruk nr. l og bruk nr.4 flytta ut or husa sine til nye hus som dei bygde på tildelte stader. Frå bruk nr.2 reiste heile familien ut or bygda. Dei på bruk nr.3 laga murar til nye hus, men tok deretter sjansen på å verte buande i gamlehusa, og det viste seg å gå bra.
Dei to husa som vart fråflytte den gongen, står der den dag i dag, men er no førde attende til bruka som før åtte dei.
A/S Matrefallene fekk konsesjon på utbygging av Matre- og Haugsdalsvassdraget til storindustri i 1908. Arbeidet starta med kartlegging av fjellområda og det vart bygde brakker i Holene ved Hommelfossen, i Øvredalen og i Ganglausbotnen, og dei bygde to funksjonærboligar på Matre.
Folket i Masfjorden var svært usikre og ottefulle over kva denne storindustrien kunne komme til å føre med seg. l eitt av konsesjonsvilkåra heiter det såleis:
«Det må stillast full sikkerhet for at Masfjorden fattigvesen ingen utgifter påføres av nogen art av dette anleggs benyttede personer eller deres familier hverken i utbyggingstiden eller senere samt at politioppsyn må vere herredskassen uvedkommende.»
Eit anna krav var at selskapet skulle betale kr 10.000 som tilskudd til vegen frå Matre til Solheim.
A/S Matrefallene bygde også 4 kilometer veg frå Holene og opp svingane til Fossen gard. Og den stod ferdig i 1918. Inn til Holene hadde gardbrukarane sjølve bygt veg tidlegare.
Den konsesjonen A/S Matrefallene fekk i 1908 var den første i sitt slag i landet, og det er sagt at den skapte mønster for seinare konsesjonar som vart gjevne for større industritiltak i Norge.