Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    Tidleg i 1930-åra kom første bilen til Matre for å køyre turistar. Ein mann som heitte Solend frå Manger var fleire somrar på Matre i turisttida og ga hotellgjestane spanande opplevingar i dros­je – langs smale kjerrevegar med stabbesteinar.

    Odd Sandnes (fødd 1922) hugsar han var grindegut på slike turar til Fosse og til Grimevatnet ved fylkesgren­sa. Han måtte ofte stå på stigbrettet, og han hadde 8 grindar å opne på vegen til Fosse og 18 på vegen til fyl­kesgrensa.

    Mot slutten av 1930-åra kjøpte sonen til O.E.Sandnes, Emanuel, seg drosjebil og syrgde for transport av hotellgjestane. Denne bilen brann opp då Karl Wagner sette fyr på buer og naust i april 1945.

    Under krigen la tyskarane beslag på heile hotellet både vinter og sommar.

    Etter krigen kom hotellet i meir normal drift att med travel sommarsesong og hell­er stille om vinteren.

    I 1949 då kronprins Olav avduka minnesteinen over falne i Bjørn West 29. juli, overnatta han på Matre Ho­tell og skreiv seg inn i gjeste­boka. Det same hadde prin­sesse Juliana gjort 26 år tidlegare.

    Då Bergenshalvøens kom­munale kraftverk (BKK) star­ta utbygging av elektrisk kraft i Indre Masfjorden i 1952, rykte dei inn på Matre Hotell. BKK leigde heile hotel­let i fleire år til dess dei hadde bygt seg sine eigne hus til verksemda si.

    Etter dette har hotellet ikkje vore drive som turistho­tell.

    Men kva med Matre som turiststad i dag ? Naturen er den same fantastiske som før, og med Riksveg l rett gjennom er storbyen Bergen komen på berre to timars av­stand.

    Dette har Bjørn West-museet nytt godt av i sin første sesong i 1993.

    Museet har hatt mange besøk frå Bergen og distrikta ikring. Enkelte grupper kjem direkte til museet og reiser vi­dare opp Matredalen til Stor­dalen fjellstove til ein god gammaldags lunch.

    Andre kjem  vegen  om Sogn og Massnes villmarksmuseum, til Stordalen for lunsj. Derifrå kjem dei så til Bjørn West-muséet enten di­rekte eller neste dag etter å ha overnatta på fjellstova som har 30 senger og ein matsal som kan ta 50 perso­nar. På Stordalen fjellstove finst mange minner frå Bjørn West som hadde sitt siste ho­vudkvarter der under krigen, og utanfor står minnestein over dei sju nordmenn som fall i fjella der i april/mai 1945.

    Ikkje langt frå fjellstova har NAF sitt Caravan-anlegg i Stordalen. Det har straumuttak for 23 vogner og san­itæranlegg med dusjar i eit eige NAF-bygg. I dette bygget er det også tre ferieleiligheiter med plass til fire personar i kvar, som vert leigde ut til NAF-medlemmer i Nordhord­land.

    Eit anna mål for turistar i Indre Masfjorden er det svært innhaldsrike gardsmuseet til Olav S.Trodal, berre to kilom­eter frå Matre. Og ca. 4 km sør for Matre når tunnelen kjem til Storavatn, ligg Fjon fjellkyrkje. Den er utstyrt med tanke på ulike tilskipin­gar, frå enkle samlingar til lengre opphald med overnat­ting og heilpensjon. Kjøkken og matsal kan ta opptil 80 personar og der er overnat­tingskapasitet til 50.

    Like ved ligg ei lysløype på 2,5 km. Anlegget er ubeman-na og må tingast i god tid i forveien.

    Nemnast må også garden Haukeland der Alfhild og Henning Haukeland kan ta imot turistar og servere lunsj eller middag for grupper på opptil 50 personar.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10