Fisk og forsøk
Fiskerinæringens forskningsfond starta i 1971 ein forskningsstasjon på Matre. Det vart bygt opp stasjonsbygning med klekkeri i kjellaren og ein del utekar langs elva, pluss eit sjøanlegg. Seinare har stasjonen stadig vorte utvida med tilbygg og nybygg.
I 1989 vart kontorbygningen bygd opp med 11/2 etasje, og i 1990 vart det bygt eit stort servicebygg (oppe ved vegen) – der det er m. a. fryserom, lager, verkstader og garasjar.
Frå 1974 har dei hatt vassledning inn frå Matre kraftverk for å kunne gjere seg nytte av det oppvarma kjølevatnet.
I dag er det to pumpestasjonar som leverer til saman 10.000 liter kjølevatn pr. minutt.
Matre havbruksstasjon er ein forskningsstasjon under Fiskeridirektoratets forskningsinstitutt i Bergen.
Oppgåva er å halde tilgjengeleg forskningsmateriale for laksefisk i alle stadier frå rogn til stamfisk.
Stasjonen er avhengig av prosjekt som kan gje økonomisk støtte til drifta, og at desse igjen gjev gode resultat slik at tenestene vert etterspurde av næringslivet og andre interesserte.
Ca. 30 personar er i arbeid ved Matre Havbruksstasjon.