Franskmannen Paul Bureau fekk vinteren 1904 til oppgåve å reisa til «fjordlandskapet i det vestlege Noreg og gjera sosiologiske granskingar». Det var «Det internasjonale selskapet for samfunnsvitenskapen» som gav han oppdrage.t Bureau reiste til Noreg våren 1904, og granskingsferda hans her i landet varde 45 dagar. I den tida vitja han i alt 6 bondehuslydar som han spurde ut med spørjeskjema og med nye spørsmål som melde seg under samtalen på kvar gard. Det gardane han kom til låg på Jæren i Ryfylke, i Masfjorden, på Voss, i Nordfjord og i Trøndelag. Resultata av alt han systematisk hadde sett og frett la han fram i el bok som vart utgjeven i Paris 1906.
Forfattaren takkar i føreordet alle som har hjelpt han i arbeidet. Fyrst bøndene som med godvilje har svara på mengder av spørsmål, stundom ublyge spørsmål, ofte einsformige. Han budde og overnatta i husa deira og sat til bords med dei i måltidene, han takkar for reist gjestfridom. Vidare takkar han menn ved konsulat og kontor i Bergen som har hjelpt til, og han takkar Lars Eskeland ved Voss Folkehøgskule og Wollert Konow på Stend. Til stor og umissande hjelp var fire prestar ved den katolske kyrkja i Oslo, dei kunne både fransk og norsk, og dei var tolkar i alle samtalar. Ein av dei var med Bureau til Bergsvik i Masfjorden.
Refsa til Bureau byrja på Jæren sumaren 1904. Derifrå reiste han saman med tolken til Masjorden. Det må ha vore ikring 10. august 1904. Paul Bureau skriv til slutt i føreordet til boka («Le Paysan des Fjords de Norvege», Paris 1906) …at han vonar dei grundige utspørjingane ikkje skal uera gagnlause dor dei som vigjer seg til studiet av menneskesamfunn ved observasjonsmetoden. Kapitlet om Masfjorden og Bergsvik står på s.37-104 i boka.