På same måte som nesten alt er laga på staden, vert nesten alt brukt på staden, og salet av varer er svært lite. Her er eit oversyn over det som den unge Bergsvik sel av varer kvart år:
trelast | 100 kr |
smør | 200 kr |
ost | 125kr |
to kyr | 140-150 kr |
åtte sauer | 80 kr |
til saman | 655 kr |
Mot denne inntekta må ein føra på utgiftssida 177 kr i skatt, omlag 100 kr i salt, havre, bygg, sukker, kaffi, olje, fisk, stuttorvljåar, kjøkkenutstyr i jarn, panner osb; 40 kr i reisekostnader m.m.; 40 kr i medisinar og diverse utgifter. Overskotet på inntektssida i høve til utgiftssida vert såleis omlag 300 kr.
Dette overskotet som kunne synast svært bra ved fyrste augnekast, vert derimot ytterst redusert når ein tenkjer på at Bergsvik ( faren ) har sju born og at odelssonen ikkje har rett til meir enn ein sjuandedel av farsarven.
Men garden kan verdsetjast til 6000 kr, minst, og med eit årleg overskot på 300 kr kan ein just betala renta på 5 prosent av denne summen, men ein er langt frå å kunna betala ned ( amortisera) ein slik sum på den korte tida – tjueåtte til tretti år omlag – som kvar generasjon etter tur brukar og driv garden.
Vansken er alvorleg óg, når ein ser han på nært hald og kjem i kontakt med kjensgjerningane ; røyndomen i livet til bondehuslydane, då skjønar ein kvifor Le Play nyleg har lagt så mykje vekt på overdragingsmåten av eigedomar eller verkstader.